Bestill innen tirsdag og få varene levert torsdag
Vikja

Vikja

Vi i Vikja er opptekne av kvalitet, berekraft og dyrevelferd

Om produsenten


100% Økologisk frå Vikafjellet og Vik i Sogn




Kjem du over Vikafjellet eller inn Sognefjorden ser du Vik i Sogn opne seg med frodige naturlandskap. Her er det godt å vera. Fjella som omkransar den vakre bygda gjev næring til grøderike gardar og sommarbeite av høg kvalitet. Bønder i Vik har etablert eige slakteri og foredlingsverksemd. Slik slepp dyra lang transport. Det gjev trivsel og lite stress for dyra, noko som sikrar deg den beste kvaliteten.


Vår historie


Prosjektet starta opp i 2002. 5 bønder slo seg saman og kjøpte Vange sekundær stasjon av Sognekraft. Det var framleis nokre kraftliner, men dei ville verta borte om 5 år. Firma fekk namnet Vik Trafokjøt DA. Målet var betre dyrevelferd og betre økonomi til bøndene.


Stor innsats vart lagt ned og seinhausten 2006 vart dei første dyra slakta. Diverre hadde vi utfordringar med kompetanse, arbeidskraft og salet gjekk heller ikkje så lett som vi tenkte,

Etter driftsåret 2007 vart det starta eit arbeid med aksjeutviding. Etter nokre år gjekk det i orden. Vik Trafokjøt DA vart eit eigedomsselskap. Dei eig tomt, bygningar og leiger ut lokala til Vikja AS. Vik Trafokjøt er største aksjonær, men det kom inn mange nye eigarar i Vikja AS.

Etter at aksjeutvidinga (emisjonen) var gjennomført har det gått kontrollert oppover. Produktnamnet Vikja har vorte kjent i mange kretsar.

Vikja står for kvalitet, tradisjon og ærleg mat. Produkta er også glutenfrie og stort sett mjølkefrie og grisefrie.


Vikja tek også på seg leigeslakting for andre.


Produkter

Se Mer

Økologiske Burgar

Vikja

89,90 kr|~ 370g

Økologisk Lammegrill

Vikja

68,00 kr|~ 190g

Økologisk Spekepølse Ursau

Vikja

450,00 kr|~ 475g

Lammekoteletter

Vikja

113,00 kr|400g

Økologisk kebab

Vikja

Fra 59,00 kr|~ 200g